VELKOMMEN TIL LAFTASTOVO.


Laftastovo leigast ut til bursdagar, firmafester og andre arrangementer. Området byr på spennande aktivitetar, sommar som vintar. Her kan venner,familie eller kollegaer samlast til ein fantastisk tur i fjellheimen.

Laftastovo har soveplassar til ti fordelt på fire trivelege soverom, bad, ei stor heimekoseleg stova med pelletsomn og eit velutstyrt kjøkken for sjølvhushald.

Hytta ligger i naturskjønne omgivelse i Vossestrand. Landskapet varierer frå sjarmerande seterstøler og beitemark til skogkledde åsar og fjellheim.

Området byr på utallige tur moglegheiter heila året, både til fots og på ski.

Her er det noko for ein og kvar – både for dei som søker utfordringar og toppturar i fjellet, og dei som foretrekker ein roleg gåtur i idyllisk landskap blant gamle seterstøler.

Om sommaren er det bilveg frå Laftastovo til stølen på Kaset.

Laftastovo er eit godt utgangspunkt dersom du vil utforske Vossefjella. I dette fantastiske fjellandskapet står naturopplevelsene på rekke og rad med gamle setre, små vatn og majestetiske fjell. I sommarhalvåret vil du oppleve husdyr som beiter fredeleg, for området brukas også som beitemark.

Søker du utfordringar, er Kvitanosi ein klassikar. Det er en kravande tur, men belønninga kommer på toppen med ein fantastisk utsikt over fjellheimen. Fjelltoppen byr også på historie, for her er det framleis rester etter flyet som styrta her under krigen.

For fiskeentusiaster er moglegheitene mange. Blant fiskevatna kan vi nemna Skreievatnet og Mykjedalsvatnet og fleire i området.

Kvar vinter arrangeres det snøscooteropplæring på hytta, og frå 1. januar til 24. april er det snøscooterspor til hytta.


AKTIVITETER


Hytte ved inngangen til Stølheimen.
Dette er eit godt utgangspunkt for mange flotte turar som Skreiaeggi, Steinsetnipa, Kasethovden eller Mykjedalsvatnet. Ellers kan ein ta seg innover på DNT sine turstiar.

FASILITETER


Det er tilrettelagt for å bruka hytta som undervisningsstad med SmartBoard, høgtalarar og langbord.

Video


Her kan du se en dronevideo over området. .